Styret var delt – fleirtalet stemte for nedlegging

To busslaster frå Odda demonstrerte utanfor hotellet i Haugesund der Helse Vest hadde styremøtet sitt.

To busslaster frå Odda demonstrerte utanfor hotellet i Haugesund der Helse Vest hadde styremøtet sitt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Styret i Helse Vest har fatta vedtak om å legga ned akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus.

DEL

– Det er krevjande å mista ein funksjon på eit sjukehus. Det er forståeleg med sterkt folkeleg engasjement, sa styreleiar Terje Vareberg.

Han meiner spørsmålet om akuttkirurgi har skugga for alt det positive, og dei funksjonar som skal vidareførast.

Vareberg sa han ikkje hadde høyrd ei god nok samla framstilling som kunne overprøva administrasjonen i Helse Vest og Helse Fonna sine vurderingar.

Sju styremedlemmer stemte for nedlegging av akuttkirurgi.

Berre styremedlemmene Bente Pilskog og Lise Strømme stemte imot.

Pilskog hadde eit alternativt forslag om å utsetja eventuell nedlegging og inntil vidare vidareføra akuttkirurgi ved Odda sjukehus.

– Eg har problem med rekkefølgja her, sa Pilskog.

Ho vil ha konkretisert funksjonane som skal erstatta det akuttkirurgiske tilbodet, både når det gjeld akuttambulansar og bemanning.

Men framlegget frå Pilskog om utsetting fekk berre støtte frå Lise Strømme.

Mange tilhøyrarar

To busslaster hadde møtt opp for å følgja styremøtet i Helse Vest direkte.

At det var så mange tilhøyrarar meinte styreleiaren var positivt:

– Det gjev godt grunnlag for oss til å formidla at dette ikkje er første skritt på vegen mot nedlegging, sa han.

Vareberg snakka om best mogleg sjukehustilbod, for dei som treng det mest og oftast, og med best mogleg kvalitet.

Artikkeltags