Skal laga ny utviklingsplan

Odda sjukehus: Ein del av Helse Fonna.

Odda sjukehus: Ein del av Helse Fonna. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Reidun Rasmussen Mjør skal leia Helse Fonna sitt arbeid med den nye utviklingsplanen.

DEL

Reidun Mjør har sidan 1. januar 2014 vore direktør for somatisk klinikk ved Stord sjukehus og sit i direktørgruppa i Helse Fonna. Her i distriktet er ho kjend frå fleire leiande stillingar og som Høgre-representant i herastyret i Ullensvang.

Nasjonal helse- og sjukehusplan stiller krav om at alle helseføretak skal ha ein utviklingsplan, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

– Det blir eit viktig arbeid og eg er glad for at Reidun Mjør har takka ja til å leie det, seier administrerande direktør i Helse Fonna Olav Klausen.

– Eg takka ja til denne oppgåva av same grunn som eg søkte stillinga som klinikkdirektør, seier Mjør i pressemeldinga.

– Det er avgjerande at sjukehusa er godt organiserte for at du og eg skal få best mogleg pleie og behandling. Det er eit privilegium å få jobbe for å gjere spesialisthelsetenesta enno betre og utvikle sjukehusa i takt med medisinske framskritt og samfunnsutviklinga.

I Nasjonal helse- og sjukehusplan står det at ein overordna utviklingsplan skal danne grunnlag for endringar og utviklingstiltak i føretaket.

Artikkeltags