Klausen tilrår å avvikla akuttkirurgien

Direktøren i Helse Fonna, Olav Klausen.

Direktøren i Helse Fonna, Olav Klausen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Innstillinga til styremøtet i Helse Fonna vart offentleggjort tysdag morgon.

DEL

Administrerande direktør Olav Klausen føreslår å avvikla akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus.

Han tilrår at akuttkirurgisk vaktfunksjon og traumemottak ved Odda sjukehus blir avvikla og at det før avviklinga skjer, blir utarbeidd tiltak i samarbeid med medarbeidarar og deira organisasjonar samt vernetenesta.

«I endringane som følgje av vedtak i saka må omsyn til pasienttryggleik og kvalitet, medisinsk prioritering og arbeidsmiljø takast omsyn til i arbeidet med tiltak og planlagde endringar. Administrerande direktør vil involvere medarbeidarar og deira organisasjonar samt vernetenesta i risikovurdering med fokus på arbeidsmiljø i det vidare arbeidet som følgje av avgjerd i saka», står det i styrepapira.

Administrerande direktør tilrår ei styrking av prehospitale tenester med ein intensivambulanse.

I føretaksmøte i Helse Vest 04. mai 2016 vart det presisert fleire føringar for arbeidet med utviklingsplanane, mellom anna at arbeidet med avklaring av akuttfunksjonar skal vere gjennomført innan 1. april 2017.

Helse Fonna held styremøte på Hotel Scandic Maritim i Haugesund tysdag 7. mars. 

Les innstillinga frå Klausen her.

HF kjem tilbake med meir.

Artikkeltags