Held fram med tiltak – ny vurdering søndag

Her er Kleivavegen stengt.

Her er Kleivavegen stengt. Foto:

Kommunen har saman med NGI vurdert at dei forebyggande skredtiltaka som blei sett i verk fredag ikkje blir oppheva før tidlegast søndag.

DEL

Dei vil ta ei ny vurdering klokka 12 søndag.

Fredag avgjorde kommunen i samråd med lensmann og NGI å stenge nordre Kleivavegen. Det vart og sett opp skilt som bad bilistane om å unngå å stoppe i dette området i Eitrheimsvegen, samt ved brua over Eitrheimselva.

– Vi har hatt telefonmøte med NGI i dag tidleg, og vil gjere ei ny vurdering søndag, seier beredskapssjef i kommunen, Stig Hope, laurdag føremiddag.

Han opplyser at det ikkje har vore meldingar om hendingar i forbindelse med vêret i løpet av natta.

Grunnen til at Kleivavegen nord er stengt, er at krysset ligg midt i eit skredløp. Kommunen har vurdert at rassikringa i området skal vere dimensjonert for å leia snøskred unna bebyggelsen.

Kommunen grunngjer tiltaka med snømengdene i fjellet på vestsida i Odda, synfaring dei hadde i helikopter onsdag, samt dialogen dei har hatt med NGI.

Det er snøskredfare på raudt farenivå i heile Hardanger også laurdag men søndag er det meld lågare fare for snøskred. Etter nok ei natt med mykje nedbør er det meld opphaldsvêr søndag.

Skilta oppmodar bilistane til å ikkje stoppe.

Skilta oppmodar bilistane til å ikkje stoppe. Foto:

Artikkeltags