– Heilt fantastisk og ubeskriveleg

KOSA SEG I FINT VÊR: Olav Nomeland, Stefan Austad og Gunn Austad.

KOSA SEG I FINT VÊR: Olav Nomeland, Stefan Austad og Gunn Austad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Morellgeneralen er mållaus etter det som kan tyda på rekordbesøk til årets jubileumsfestival.

DEL

Heilt nede ved sjøkanten inne på festivalområdet på Lofthus treff me Olav Nomeland, Stefan og Gunn Austad. Dei bur på Hotel Ullensvang og ser ut til å trivst godt på årets festival.

– Det er sjuande året me er her og syns det er veldig hyggeleg her, seier Stefan Austad og fortel at dei vil få med seg både konsertar på kveldstid og det som skjer på dagtid.

Han får støtte av Olav Nomeland.

– Det er veldig bra, alt er bra og sjølvsagt må me ha med oss spyttinga, fortel han.

Årets festivalområde ved kaien er i år utvida. Det kan arrangørane vera glade for.

Festivalgeneral Per Olav Opedal seier til HF at han er mållaus.

– Tilbakemeldingane me har fått er eineståande og eg er mållaus. Det var bra vi utvida området elles hadde det ikkje vore plass, seier han.

Han fortel at det var minst 1000 fleire inne på området laurdag enn det plar vera.

– Også i går var det mykje folk, minst dobbelt så mykje som det plar vera, seier han og ser fram til godt besøkte konsertar kveldstid laurdag.