Sjåføren slapp unna uhellet utan skadar. Køyredoningen var det verre med. Framhjula vart slått av i det ublide møtet med grø fta. - Eg mista kontrollen over bilen på det glatte føret, seier sjå føren til HF.
Uhellet skjedde ved 0600-tida på sundag. Bilen - fullasta med poteter - kom frå Trondheim og skulle til Skjold. Då HF var på staden sundag, var potetsekkene sirleg opplødde på pallar i vegkanten. Ein bil frå Haugesund skulle koma og henta potetsekkene, medan Rø ldal Bilberging frakta bort skapbilen, som hadde fått store materielle skadar.