Riv gamalt og fjernar asbest

Hauso samfunnshus: Å ta bort samfunnshuset på Hauso, vil gje rom for idrettshall med kjøkenfuksjon og parkering i kjellar.

Hauso samfunnshus: Å ta bort samfunnshuset på Hauso, vil gje rom for idrettshall med kjøkenfuksjon og parkering i kjellar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Formannskapet innstiller på å erstatta samfunnshuset og fjerna all asbest ved Hauso skule.

DEL

Hauso Det luktar spesielt når ein stikk nasen inn i det gamle samfunnshuset, der elevane ved Hauso skule har gymnastikk når dei må vera inne, og har garderobar i underetasjen.

På synfaringa formannskapet fekk måndag, sa rektor ho ikkje likar å bruka samfunnshuset.

Formannskapet gjekk i møte seinare på dagen for å riva og erstatta med ein idrettshall med parkeringskjellar. Fleirtalet av formannskapet vil starta forprosjekt for tilbygg og rehabilitering på Hauso skule i 2018 og setja av midlar til dette i budsjettet for 2018. «Midlar til gjennomføring av hovudprosjektet vert sett av i økonomiplanen for 2018–2021», sa dei.

I samband med ein rapport Norconsult har utarbeidd i framkant har konsulenten òg utarbeidd ROS-analyse, ei risikovurdering med omsyn til inneklima og arbeidsmiljø, inkludert asbest. Skulen har også bestilt inneklimaundersøking som måler CO2, luftfukt og temperatur.

«Totalt er 21 helsemessige forhold er vurdert i analysen. Det er forhold det vert stilt krav om i lover og forskrifter og som kan ha ei helsemessig tyding», skriv Norconsult som konkluderer med å fjerna all asbest ved skulen.

Artikkeltags