Frå Haukeliseter til Mount Everest

Sprek: Thomas Lone gler seg til tur.Foto: Benjamin Narum

Sprek: Thomas Lone gler seg til tur.Foto: Benjamin Narum

I mars skal Haukeliseter-tilsett Thomas Erling Lone (23) prøve å stige opp på Mount Everest.

DEL

Målet er å verte Noregs yngste til å fullføre «seven summits».

Det skriv Haukeliseter fjellstue på sine heimesider.

«Seven summits» er dei sju høgaste fjelltoppane på kvart av dei sju kontinenta.

Lone sitt mål er å klatre dei sju toppane på to og eit halvt år.

Han har berre tre att, og allereie i mars står verdas høgaste topp for tur.

Tida framover går til knallhard trening for Thomas og venene hans Didrik Dukefoss (27) og Håkon Erlandsen (29).

Artikkeltags