Investerer for tre millionar kroner

Sjåfør Rimantas Ostasevicius med ein Volvo FE 320, Nor Tekstil sin nyeste bil.

Sjåfør Rimantas Ostasevicius med ein Volvo FE 320, Nor Tekstil sin nyeste bil.

Av

Nor Tekstil kjøper nye lastebilar til ein verdi av tre millionar kroner.

DEL

Det skriv selskapet i ei pressemelding fredag.

«Når 440 tonn med tekstilar per månad frå Valen skal fraktast rundt i Kvinnherad, til Haugesund, Stord og Odda, så treng Nor Tekstil sine fire sjåførar gode bilar. Det å skaffa seg det siste tilgjengelege innan transportutstyr er med på å sikra at leveransane våre når kunden til rett tid. Nyare køyretøy slepp òg ut mindre skadelege stoff.»

Nyleg investerte også selskapet i ei ny maskin på 4,7 tonn, som skal auka vaskekapasiteten av tekstilar med heile 700 kilo til dagen.

Det er i dag 28 tilsette ved avdelinga Valen, som leverer til sjukehus, sjukeheimar og hotell i regionen.

Artikkeltags