Hardangervidda som hovudveg for persontrafikk

 Riksveg 7 Hardangervidda

Riksveg 7 Hardangervidda Foto:

Samarbeidspartia valde ikkje èin veg som andre hovudsamband mellom aust og vest.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

E134 er frå tidlegare utpeikt som framtidig hovudveg mellom aust og vest. I tillegg skulle minst ein til utpeikast. Samarbeidspartia Frp, H, Krf og V er no einige om at det riktige ikkje er å velga èin av Rv 52, Rv 7 og E16 som den andre hovudvegen, men legg opp til ei funksjonsdeling mellom dei.

I ei pressemelding skriv partia at Rv 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegforbinding for persontrafikk, med stor vekt på moglegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.

Rv 52 Hemsedal skal vera hovudvegforbinding for næringstransport.

Partia skriv at E16 skal fullførast og vil vera ein viktig avlastningsveg når andre overgangar er stengt.

Glade for satsing på Rv 7

- Det har vore viktig for meg at riksveg 7 ikkje blei nedprioritert med tanke på aust/vest-forbindinga. Det er den vegen som folk frå bergensregionen brukar mest i dag og som gir kortast reisetid. Eg er derfor glad at den vegen no blir satsa på vidare, seier stortingsrepresentant Helgee Andre Njåstad frå Frp i pressemeldinga.

- Gledeleg å sjå at regjeringa sitt forslag både ivaretar dei store investeringne som allereie er tatt og skal takast på E16, samtidig som det gir Riksveg 7 Hardangervidda moglegheita til å utvikla seg som hovudvegforbinding for persontrafikk, seier stortingsrepresentant Torill Eidsheim frå Høgre.

- Det er ei klok løysing regjeringa og samarbeidspartia her har kome fram til. Riksveg 52 og Riksveg 7 er gjensidig avhengige av kvarandre som hovudvegar mellom aust og vest, og no legg me grunnlaget for det viktige arbeidet med å gjere Riksveg 7 til ein heilårsveg, seier stortingsrepresentant Terje Breivik frå Venstre.

- Med valet av både Riksveg 52 og Riksveg 7 som forbinding mellom Austlandet og Vestlandet i tillegg til E134 klarar vi å balansera omsynet til turisme, persontransport og effektiv varetransport over fjellet, seier fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (Krf).

Strekningsvise utbetringar

I pressemeldinga skriv partia at nøyaktig kva større tiltak som skal gjennomførast, må vurderast fram til neste NTP (nasjonal transportplan), for å finna dei tiltaka som gir best nytte og størst effekt for pengane som skal brukast. I kommande NTP vil det bli lagt inn midlar til strekningsvise utbetringar på alle strekningane , som er tiltak som kan komma raskt i gang.

Artikkeltags