Får få søknadar frå private eigarar i Hardanger

Røros: Ordførarane.foto: S. Bjørgen/Kulturminefondet

Røros: Ordførarane.foto: S. Bjørgen/Kulturminefondet

Kulturminnefondet vil ha fleire søknadar frå Hardanger. Hardangerrådet var denne veka i Røros for å høyre om moglegheitene for private eigarar av kulturminne.

DEL

Ordførarane i Hardangerrådet besøkte Kulturminnefondet på Røros for å sjå på moglegheitene fondet gjev for private eigarar av verneverdige kulturminne. Dette informerer Kulturminnefondet om i ei pressemelding.

Kulturminnefondet får svært få søknadar frå private eigarar i Hardanger.

No vil Hardangerrådet gjere ein ekstra innsats for å få fleire private til å søke.

På turen til Røros fekk rådet mykje informasjon om tilskot til kulturminne, og dei planlegg no i samarbeid med Kulturminnefondet eit informasjonsmøte i Hardanger for interesserte.

Hardangerrådet er eit interkommunalt selskap med mål om å styrkja regionen gjennom forpliktande samarbeid.

Øvste organ i rådet er Regionrådet, sett saman av dei sju ordførarane i Hardanger.

Kulturminnefondet er ei tilskotsordning for private eigarar av verneverdige kulturminne.

Dei som er eigar av eit kulturminne kan søkje om støtte til ulike tiltak for å setja minnet i stand.

Artikkeltags