Første kapittel.

Det er ikkje til å tru. Eg får vondt langt inn i sjela, og mange med meg. Dette er ein av dei grovaste løgnene som er servert frå oppdrettsnæringa. Fraser om kor berekraftig denne næringa er og kor godt dette landet er for oppdrett har vi i mange høve fått servert. No er eg ingen statsvitar, men med mine 82 år har eg ein del røynsler innan det politiske miljøet etter tre periodar i Odda kommunestyre, så eg veit kos dette landet vert styrt, so her trur eg Geir Magne Knutsen i Bremnes Seashore AS sine insinuasjonar om min viten ikkje held mål.

Eg er av den formeining at myndigheitene, både sentralt og lokalt ikkje såg konsekvensane av dette på eit tidlegare stadium. Ingen såg for seg at elvane i Hardangerfjorden vart utradert som aure- og lakseelver på grunn av oppdrett. Enkelte har prøvd å leggja skulda på tungindustrien i regionen, men laksen har aldri teke skade av den verksemda. Men sjølv om ein ser konsekvensane av dette, søkjer næringa om nye konsesjonar, og politikarane toer sine hender, for gribbane får aldri nok. Det minner meg om songen der måkene skrik: ska ha, ska ha.

Eg vil gjerne utfordra Geir Magne Knutsen på å få klårlagt kor miljøvennleg oppdrettsnæringa er i dag etter som han seier at morgondagens næring vil verta endå meir miljøvennleg.

Meiner han då at ein kan få bukt med lusa, som dei påstår har vore arbeid med, men som berre vert verre eller har han andre område? Så vil eg gjerne veta kor berekraftig denne næringa er. Er det lakselusa, rømminga, dyrevelferda, kjemikaliane, forureininga, elverasering, sjukdom, utrydding av brisling, sjøfugl, rasering av tidlegare fiskeplassar som er momenta? Meiner du at forbruket av felleseige er rett?

Saligheita for næringa er at myndigheitene applauderer tiltaka. Då har dei fått ein knagg og hengja argumenta på, anten dårlege eller andre.

Det er høge kjensler som kjem til uttrykk i saka frå laksefiskarane i min egen kommune. Opo i Odda var den beste lakseelva i Hardanger heilt til for nokre år sidan. Flaumen endra elva mykje, men det er ikkje årsaka at den katastrofale tilbakegangen av lakseoppgangen i elva. Kulturen langs Opo var unik i mange år og som no har fått ein stor knekk og som nok er tvilsamt om den kjem att. Fisken som no vert teken har eg høyrt er ein hybrid som fylgje av oppdrettslaksen sitt inntog.

Tenk om næringa kunne visa eit alder så lite teikn på audmjukskap etter den katastrofen dei er skuld i. I staden fer dei med løgn og propaganda som liknar på ein viss avgått president i USA.

Til slutt vil eg påpeika: Reven et ikkje slo eller hovudet av oppdrettslaks. Kvifor tru?

Kapittel 2.

«Heilskapleg plan for reinare og rikare vassdrag i Hardanger.»

Tittel i eit innlegg frå dagleg leiar i Lingalaks AS i Norheimsund. Eg siterer:

«Fjordtinget 2022 vedtok eit nytt prosjekt der ambisjonane er å utarbeide ein heilskapsplan for reinare og rikare vassdrag i Hardanger. Reine og artsrike vassdrag er viktig for helse, livskvalitet, arbeidsplassar og økonomi».

Dette «luktar» ikkje godt.

Her skal altså ein av lakseoppdrettarane ordna opp. Eg har aldri høyrt at elvane i Hardanger er so ureint at det trengst tiltak. Er det då kultivering av fiskebestandane, trappebygging og hølar det her er snakk om, eller er det plukking av plast og andre ureiningar?

Kven er det som har skuld i at elvane i Hardanger er «fisketomme», slik at livskvaliteten er fråteken dei som nytta høve til rekreasjon i fiske?

Dette ser eg på som ein avleiingsmanøver frå all den synda som er gjort i Hardangerfjorden frå oppdrettsnæringa. Dei er velkomen til å bygga laksetrapp i Opo.