Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Johan Torekoven hadde eit lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad den 17.5.2023 om lakseoppdrett i Hardangerfjorden.
For det første så er det slett ikkje slik som Torekoven startar innlegget med at «Hardangerfjorden er sjuk – dødssjuk».
I all hovudsak så er Hardangerfjorden i god tilstand ifølge Tilstandsrapporten frå Havforskningsinstituttet (*). Oppdrettsnæringa er i ferd med å forbetre mange av dei momenta som det blir peikt på her. Her kan ein blant anna nemne at talet på rømt oppdrettsfisk er blitt kraftig redusert.
For det andre så kan ein stille spørsmål om Torekoven skjønar korleis det norske samfunnet blir styrt. Storting og regjering har i mange år lagt vekt på at oppdrettsnæringa er ein viktig næring for landet som ein gjerne vil utvikle. I løpet av den tida lakseoppdrett har blitt ei stor næring i Norge, så har dei ulike regjeringane laga regelverk som legg til rette for meir oppdrett. Dette har det vore brei politisk einigheit om.
I Hurdalserklæringa fra dagens regjering kan ein lesa følgjande (**):
Regjeringen vil legge til rette for videre vekst for å skape flere arbeidsplasser, mer bearbeiding, større verdiskaping og økte eksportinntekter.
- Dette må skje på en forutsigbar, kontrollert og bærekraftig måte.
Politikken påpeker de skal bygge opp under fortrinnet som ligger i oppdrett av fisk i kystnære strøk og fjorder, og samtidig stimulere til innovasjon, nye produksjonsformer og bruk av ny teknologi for å sikre økt bærekraft.
- Målet er at Norge skal lede an i utviklingen av verdens mest produktive og miljøvennlige havbruksnæring med produksjon av matressurser til et voksende verdensmarked.
Då er det ille å lese følgjande i innlegget til Torekoven: «Det er nesten ikke til å tro at det går an å drive miljøkriminalitet på det verste uten noen form for kontroll».
Oppdrett av laks er ein lovleg næring i Noreg som blir styrt av ei rekke lover og forskrifter. Vi blir kontrollert av ei rekke ulike styresmakter. I all hovudsak så har næringa god kontroll på drifta slik at den blir gjennomført etter dei lovar og reglar som er sett.
Så er det slik at også i oppdrettsnæringa er det nokre utfordringar som ein framleis jobbar med. Lakselus er ei av dei og dette er ei utfordring som oppdrettsnæringa tar med største alvor. Vi er i ferd med å løyse denne utfordringa, sjølv om ting tar lengre tid enn vi skulle ønska.
I Havforskningsinstituttet sin Tilstandsrapport er organisk utslepp ikkje rekna som ei utfordring i Hardangerfjorden. Her har Torekoven likevel eit godt poeng. Det organiske utsleppet er ein ressurs som vi burde prøve å utnytte. Fleire selskap arbeider med prosjekt for å komme i gang med slamoppsamling for å utnytte denne ressursen. Dette slammet kan nyttast til ulike ting, bl.a. til biogassproduksjon. Vi ser også på om det er mogleg å utvikle teknologi for å vinne att fosfor. Fosfor er eit viktig grunnstoff som det er mangel på i verda.
I Noreg er dei naturgitte tilhøva svært gode for oppdrett av laks. Dette fortrinnet bør vi kunne utnytte. Derfor bør ikkje berre stortingspolitikarar, men også lokalpolitikarar arbeide for legga til rette for meir oppdrett. Dette gir arbeidsplassar, eksportinntekter og skatteinntekter.
I Odda har ein utvikla teknologi for smelteverksindustrien som ligg i front i verda når det gjeld låg miljøpåverknad.
Det er ingen grunn til å tenke at ein ikkje kan bli like framoverlent i oppdrettsnæringa slik at morgondagens oppdrettsnæring blir enda meir miljøvennleg enn den er i dag.