Årets beste mat- og drikkeprodukt vart torsdag kveld kåra og løfta opp i ein feststemt finale i den prestisjefylte konkurransen Det Norske Måltid i Stavanger.
Heidersprisen gjekk til Arne Hjeltnes for måten han formidlar norske mattradisjonar på og for korleis han snakkar opp norske produsentar.
Årets sider, Stora Marit, kjem frå Hardangerbonden på Sekse gard i Ullensvang der bonde og siderprodusent Ingrid Sekse og ektemannen Bård starta med siderproduksjon for litt over to år sidan.
Dei produserer no om lag 27 000 liter i året, og dobla i fjor produksjonen etter å ha investert i nytt produksjonslokale.
Full klaff med første årgang
Prisvinnaren legg ikkje skjul på at det var stas å ta imot prisen. 2021-årgangen av Stora Marit er også den aller første årgangen og vart av juryen omtala som «klår og gyllen», «elegant» og med «luksuriøs gullfarge.»
– Det var kjempestas berre å vera i finalen og sjølvsagt endå kjekkare å vinna, strålar Ingrid Sekse og seier ho ikkje turte å håpa på siger før avgjerda fall.
I grunngjevinga til juryen vert det også trekt fram at dommarane sette pris på informasjonen om årgang og den gode historia på etiketten. Sjølve sideren får også mykje ros for sin karakter og tyngde.
– Kva trur du er årsaka til at den første årgangen gjer det så godt i ein så stort konkurranse?
– Det viktigaste er nok at sideren er laga på eple som me har dyrka fram sjølve på garden. Me brukar berre eigne råvarer, fortel ho.
Sekse er open om at det å få ein såpass prestisjefull pris betyr mykje, både personleg, men også for det framtidige salet.
– Det er eit kvalitetsstempel. Sideren er vurdert av dommarar i tre forskjellige rundar og det gjer at kundane veit at det er eit godt produkt, seier ho.
Får ikkje lov å marknadsføra
Det vart delt ut 13 kategoriprisar under finalen i Det Norske Måltid torsdag 2. februar og rommar det som skal vera det ypparste av norske råvarer og matprodukt. Gjennom heile hausten har dommarane vurdert og smakt seg fram for å finna dei beste produkta.
Heile 250 produkt vart sendt inn til konkurransen som har ein visjon om å byggja opp om Matnasjonen Norge. Konkurransen vart i år arrangert for 15. gong.
Likevel kan ikkje siderprodusentane promotera prisen sin på same måte som ein del andre bønder og produsentar.
– Eg har jo lyst å fortelja heile verda at eg har vunne, men lova seier at eg ikkje kan gjera det. Me får mellom anna utdelt etikettar som viser at me har vunne, men dei har eg ikkje lov til å klistra på produktet for å visa fram at dette er årets sider. Det er kjempetrist, meiner ho.
Det er nemleg alkohollova som gjer at slik type marknadsføring ikkje er lov, og debatten om dagens lovgiving har vore aktuell etter nyttår.
Ho er likevel glad for å kunna representere Hardanger under Det Norske måltid, og festkvelden er nok litt annleis enn kvardagen heime på Sekse gard.
– Det er ein arena for glitter og stas. Det å koma som bonde frå Sekse, som stort sett går i ull – og arbeidsklede til vanleg, til å gå i paljettkjole på eit så stort arrangement med masse folk er kjempekjekt. Eg må få lov å takka Det Norske måltid som er med på å løfta fram norsk mat – og drikkeprodusentar. Dei heiar verkeleg fram den norske bonden, seier ho.
Jobbar med kvaliteten
Både ho og andre siderprodusentar har tidlegare hausta fleire priser, også internasjonalt.
– Kva trur du årsaka til det er?
– Me dyrkar jo dei beste epla i Hardanger, seier ho med eit smil og legg til:
– Det handlar også sjølvsagt om kvaliteten på råvarene og at produsentane er nøye under sjølve produksjonen. Det er noko alle jobbar med. Det er mellom anna mykje arbeid med vasking undervegs i produksjonen av sider, fortel ho.
Det Norske Måltid er frå 2020 et nasjonalt omdømmearrangement for norsk mat og drikke, og er eit viktig ledd i arbeidet med å utvikla Matnasjonen Norge, ifølge arrangørane.
– Det er viktig å få fram dei gode historiene frå produsentar som har eit brennande engasjement for å laga kvalitetsprodukt frå heile landet. Finalen i Det Norske Måltid er ein viktig nettverksarena kor matbransjen vert samla. Me har gode eksempel på at nye spennande samarbeid har oppstått i tilknyting til konkurransen, seier Kristin Austigard, leiar for Det Norske Måltid.