Då hardingane satsa på juletreproduksjon, etablerte dei selskapet Hardanger Juletre. No er det inkorporert i Norsk Juletreservice som femnar produsentar på heile Sørvestlandet, og er deira salskanal.
Edel gran
Det er i hovudsak Nordmanns edelgran og Fjelledelgran som vert planta – og selt. I Hardanger er det Fjelledelgran som dominerer.
Den norske marknaden tek det meste, men det vert og eksportert til Tyskland, Nederland, England og Australia.
Firmaet har 80 aksjonærar, og i år var det om lag 20 produsentar som leverte, melder Bondebladet.
Arne P. Bleie er Hardanger sin representant i styret for Norsk Juletreservice.
Han fortel til HF at det i 2016 vart levert fleire tre frå Hardanger enn året før, men at det har vore levert langt fleire tidlegare år. Halvparten av juletrea frå Hordaland kjem frå Hardanger.
Eitt år vart det mykje vindskade; store mengder tre tørka ut. For einskilde dyrkarar, også i Hardanger, vart store nyplantingar og mange hogstklare tre øydelagt. Nokre av dei mest uheldige fekk rasert fleire års produksjon.
Juletreproduksjon har i likskap med anna som skal dyrkast, årsvariasjonar. Både kor mykje som vert planta nytt, og vêr og temperatur er med på å avgjera total mengde juletre som er klar for marknaden.
God nisje
Tidlegare beiteområde og vanskeleg tilgjengelege teigar egnar seg godt til juletreproduksjon, seier Arne P. Bleie.
Kombinasjon frukt/juletre er bra. Begge type tre krev godt stell. Dei må passast og formast, og ein skal halda seg oppdatert fagleg anten ein er fruktdyrkar eller juletredyrkar.
– Dei som passar på og steller trea, kan gjera god butikk på juletreproduksjon, hevdar Bleie som og påpeikar at klimaet i Hardanger og i Sørfjorden er spesielt godt egna nettopp for Fjelledelgran.
– Sjølv om nokre av produsentane utvidar, treng me fleire produsentar, seier han.
Eit produsentlag er danna for å stetta medlemmene med oppdatering og faglege spørsmål. Dei er og i gang med eit merkevareprosjekt for juletre frå Norge.
Og no er det berre eit knapt år til det er jul igjen. Juletredyrkarane gjer sitt for at me skal få edle tre i år og.