Positivt møte med domstolskommisjon

Ordførar: Jon Larsgard. Foto: Sondre L. Haukedal

Ordførar: Jon Larsgard. Foto: Sondre L. Haukedal

I midten av desember var hardangerordførarane i Oslo og møtte kommisjonen som jobbar med utkast til korleis domstolane skal sjå ut i framtida. Dei fekk positive signal.

DEL

– Vi møtte leiaren og ein del av sekretariatet. Det var eit positivt møte, eg kan og seie at i møte med kommisjonen er hardangerkommunane heilt på linje. Både når det gjeld haldningar og ønska løysing, sa Jon Larsgard då han orienterte om møtet på kommunestyremøtet i Jondal i førre veke.

I haust har framtida til Hardanger tingrett på Lofthus fått mykje merksemd, mellom anna i debatten om strategidokument for eit nytt regionråd som inkluderer nye Voss herad.

Tidlegare har tingretten og advokatane i Hardanger kome med innspel til korleis dei meiner ein bør løyse tingrettsspørsmålet i framtida.

– Det dei ser for seg er ei samanslåing med tingretten i Sunnhordland. Der det er same eining, men at ein beheld dagens struktur og bemanning i Lofthus. Med unntak av at sjefen der vil ha tittelen dommarfullmektig i staden for sorenskrivar. Dette forslaget vil vi halde fram med å jobbe for politisk. På nyåret vil sende eit skriv der vi oppfordrar til å gå vidare med denne løysinga.-

Artikkeltags