Fyller 70 år - feirar med konsert i Oslo

:Arkivfoto

:Arkivfoto Foto:

Neste veke feirar Hardanger spelemannslag 70 år. Laurdag står 40 hardingar på scena for å feire laget, på Riksscena i Oslo.

DEL

«Søndag 26. september 1948 møttest om lag 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa eit spelemannslag i Hardanger ...» skriv laget i ei pressemelding.

I dag er spelemannslaget blant dei største i landet, med 99 medlemar. 40 av dei skal stå på scena i Oslo.

– Det blir ein konsert med både dans, song og spel, skriv spelemannslaget i pressemeldinga.

Utøvarane kjem frå Ulvik, Granvin, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Kvam. Mellom anna er Knut Hamre og Benedicte Maurseth med.

Jubileet til spelemannslaget vil og bli feira i Hardanger, med konsert på Utne 12. oktober.

Artikkeltags