Gjenoppliva spelet

Heilag Olav vitja Ullensvang: Om lag 300 personar kom for å sjå det alternative Olavspelet.

Heilag Olav vitja Ullensvang: Om lag 300 personar kom for å sjå det alternative Olavspelet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

36 år etter førre framføring vart spelet om då Heilag Olav vitja Ullensvang vist på museumstunet Skredhaugen.

DEL

Framføringa fann stad søndag ettermiddag, og initiativtakar til spelet, Per Nornes, seier det ikkje kunne gått betre.

– Me har berre fått positive tilbakemeldingar, fortel han.

Om lag 300 personar kom for å sjå det alternative Olavspelet.

Nornes er svært nøgd med framsyninga, og takkar også vêrgudane for at det gjekk an å ha spelet utandørs utan at folk vart våte.

Biskopen: Spelt av Kjetil Kvalvik.

Biskopen: Spelt av Kjetil Kvalvik. Foto:

Nornes har fått skryt for å ha tatt initiativ til spelet, som sist vart sett opp 1981. Fyrst i hotellhagen, seinare på fruktlageret. «Heilag Olav gjestar Ullensvang» er eit stykke med tekst av folkeminnesamlar Halldor O. Opedal. Hendinga er lagt til tida før slaget på Stiklestad, før kristendom og rikssamling hadde fått sitt eigentlege gjennombrot i landet.

– Skredhaugen er absolutt den beste plassen me har hatt spelet. Det er så fine rammer rundt, meiner Nornes.

Han fekk med seg 35 skodespelarar. Fredrik Orvin Tveit hadde rolla som Heilag Olav, og biskopen vart spelt av Kjetil Kvalvik.

– Det har vore så kjekt på alle øvingar. Folk har berre vore positive og hatt godt humør, seier Nornes.

Søndag var einaste gong spelet vart vist i år, men Nornes ser ikkje bort frå at dei kjem tilbake i framtidige somrar, noko skodespelarane har vore positive til.

– Men om det blir neste år eller året etter, er for tidleg å seia.

Årets oppsetting var eit samarbeid mellom Hardanger og Voss museum, vennelaget på Skredhaugen og Ullensvang ungdomslag. Ungdomslaget stilte med dansarar.

Artikkeltags