Drog fram gøymde kulturskattar

Seminar på Utne:  Rundt 20 våpen var samla inn frå ulike museum i Hardanger. Christensen trur at våpena er omlag 400 år gamle.

Seminar på Utne: Rundt 20 våpen var samla inn frå ulike museum i Hardanger. Christensen trur at våpena er omlag 400 år gamle.

Artikkelen er over 2 år gammel

Haugaland våpenhistorisk selskap med lokal initiativtakar Jakob Kråkevik i spissen, heldt seminar for våpeninteresserte på Utne.

DEL

Rundt tjue våpen var til saman samla frå både Hardanger Folkemuseum, Voss Museum, Agatunet, Granvin bygdemuseum, Skredhaugen og Bu museum.

På seminaret på Hardanger Folkemuseum førre laurdag, hadde dei også invitert spesialist, professor i nordisk arkeologi og mottakar av Kongens fortenestmedalje i gull, Arne Emil Christensen (81) som skulle halda føredrag.

– Dette er imponerande. Mengda av så mange unike våpen gjer denne samlinga svært spesiell, meiner spesialisten Christensen.

Han har tidlegare skrive ei utgreiing om desse våpena, men det er ikkje alle han har sett før. Han meiner vidare at det ikkje finst tilsvarande samlingar elles i landet.

Hardangerkolbe

– Våpena er karakteristiske for dette distriktet. Det kan ein sjå på både på forma på kolbane og låsemekanismane, forklarer Christensen.

Christensen antar at låsemekanismane på børsene var laga av Berent Rørmager som fekk borgarbrev ein gong på slutten av 1500-talet. Han heldt til i Bergen som på den tida var hovudstad.

– Låsane vert kalla for «flintlåsar» og fungerte slik at ein laga gneiste ved hjelp av flintestein til å tenna krutet, seier han.

Ladninga med krut kunne ikkje vera for stor. Eit anna trekk som nemleg er karakteristisk for desse våpena, er kolben som vert kalla for «hardangerkolbe». Denne kolben er relativt kort og rund, og vart lagt til kinnet når ein skaut.

– Børsene brukte dei truleg til reinsjakt på Hardangervidda. Då kunne jegerane ligga på post. Og grunnen til at kolben vert kalla for «hardangerkolbe», er at ein rett og slett ikkje finn slike kolbar nokon annan stad i landet, legg han til.

400 år gamle

Også løpa på børsene er spesielle. Desse vert kalla for «kassepiper». Løpet er først firkanta før det vert åttekanta vidare.

– Desse løpa vart umoderne elles i Europa, men heldt høg prestisje her på Vestlandet og i Noreg. Kvifor det var slik, er eit under, meiner Christensen.

Han fortel at bøndene hadde verneplikt, men at dei ville bruka eigne våpen, deriblant desse børsene med kassepiper.

Samlinga består ikkje berre av børser. I samlinga kunne ein også studera sjølvskot for bjørn. Den fungerte slik at ei snublesnor var festa til låsemekanismen, og når bjørnen trakka på den, vart den skoten utan at jegeren trengde å gjera noko.

Dei fleste våpena er like heile, trass i at dei har levd lange liv.

– Eg reknar med at dei vart laga på slutten av 1500-talet, eller på byrjinga av 1600-talet ein gong, svarer Christensen når han får spørsmål frå publikum.

Lokal våpenentusiast og skyttar, Jakob Kråkevik, trur ikkje at folk er klare over denne skatten.

– Ved å dra våpena fram i lyset, håpar me museet ser verdien og kanskje kan laga utstilling av samlinga, seier Kråkevik.

Artikkeltags