- Dette er stor stas!

Kreativ: Lars Korff Lofthus har mange idear som skal prøvast ut. Mykje vert til kunstverk. Her frå eit tidlegare prosjekt. Foto: Privat

Kreativ: Lars Korff Lofthus har mange idear som skal prøvast ut. Mykje vert til kunstverk. Her frå eit tidlegare prosjekt. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

Korleis vil dei lokale trekkplastera prega Hardanger musikkfest 2017?

DEL

Me spurde festivalkunstnar Lars Korff Lofthus, festivalpoet Ruth Lillegraven og folkemusikar Frank Rolland. Dei er sterke og meritterte representantar for kvar sin genre.

Noko nytt

– Det vert både eit fotoprosjekt og fysisk uttrykk. Det vil handla om identitet.

Korff Lofthus vil ikkje røpa for mykje. Overraskingsmomentet er ein del av festivalprosjektet, slik fleire av verka hans gjerne er.

Publikum vil garantert oppleva ei ny side av biletkunstnaren, som og har kuratoroppgåver og underviser på Kunsthøgskulen i Bergen ved sidan av.

Han er allsidig og skapar verk i ulike materiale og former – og han går ikkje av vegen korkje for å utfordra eller leika.

– Tora og Therese (Augestad og Birkelund Ulvo) har evna å forankra festivalen lokalt og skapa engasjement, utan å fira på nivået. Det held høg internasjonal standard, seier han og roser den kunstnarlege leiar-duoen for kreativ satsing – og gler seg til å vera ein del av musikkfesten.

Eg elskar å jobba med musikarar og føler meg heime blant dei. Det er ei gåve til tekstane å få musikalsk tonefylgje, seier Lillegraven som synest det er stas å vera med på ein så kvalitetsprega festival.

Anerkjenning

Ho har hausta mange prisar og stor anerkjenning for si særprega dikting.

– Eg var med i fjor, det var då Sigd-konserten oppstod, seier festivalpoeten som presenterer både noko kjend - og noko nyskrive med årets tema nybrot som utgangspunkt på ulike scener under festivalen.

– Tora og Therese har sett sitt preg på festivalen, og eg synest programposten Oppskåka er kult med serieintervju i sofaen, ulike framføringar – ei fin blanding av seriøst og folkeleg.

Naturleg del

– Folkemusikken vert teken på alvor og er vorten ein naturleg del av musikkfesten i Hardanger, konstaterer Frank Rolland som medgir at det er stas å verta spurd om å vera med og få høve til å spela for eit stort og gjerne nytt publikum.

Han skal vera med på fleire konsertar, mellom anna med Ingeleiv Kvammen (86).

– Det er heilt konge å få spela med guruen i Hardanger, seier han som og skal på scena med eit tysk barokkorkester.

Rolland, sjølv ein av dei fremste i landet på hardingfele, gler seg til å treffa nye musikarar og knyta musikalske band.

Kulturlivet her

– Har Hardanger Musikkfest endra kulturlivet og folk i Hardanger?

– Det veit eg ikkje, men eg trur terskelen for å oppsøka ting ein ikkje kjenner så godt, er vorten lågare, svarar Korff Lofthus.

– Det er ein klassisk musikkfestival, men at røter frå folkemusikken er trekte inn, høver godt, meiner Lillegraven og minner om at både Edvard Grieg og Geirr Tveitt tok med folketonar i sine klassiske verk.

– Tora og Therese har bra fokus og hentar inn mange vanvitig bra utøvarar. Det er spanande program dei spikrar i hop, seier Rolland.

For musikkmiljøet i Hardanger, trekk han fram stipendordninga der unge talent får heider og pengar som svært positivt.

Artikkeltags