Fekk melding om båttjuveri

Politiet får inn fleire meldingar frå trafikken og om tjuveri no om sommaren.

DEL

Det vart i går, onsdag, meldt om eit trafikkuhell i Skarsmo. Det skal ha skjedd i 12-tida. Politiet hadde ingen funksjon, då det var speglar som rauk. Hardanger Lensmannskontor ved Geir Telle ber om at bilar stoppar og ordnar opp når slike ting skjer, og ikkje reiser frå staden.

Klokka 13 onsdag hadde UP promillekontroll ved Askane i Odda. 181 førarar vart kontrollerte, utan nokon utslag.

Politiet tok onsdag imot ei melding om tjuveri av ein mindre fritidsbåt ved Nordnes på vestsida av Sørfjorden. Torsdag fekk dei melding om tjuveri av om lag 1000 kroner frå ei fruktbod langs vegen i Sørfjorden. Politiet ber folk vere obs og følge med, då det er lite dei kan gjere med dette i etterkant.

Artikkeltags