Tjuveri for fleire titalls tusen kroner

Politiet har fått meldingar om tjuveri på vestsida av Sørfjorden.

DEL

Politiet i Hardanger har den siste veka fått inn meldingar om tjuveri av verktøy og spesialutstyr frå bedrifter på Aga og Nå.

– Me vil no etterforske og patruljere litt ekstra i området, opplyser politioverbetjent Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor.

No etterlyser politiet tips i saka.

Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor kan informere om at det er snakk om tjuveri for fleire titalls tusen kroner.

– Det er dyrt verktøy som er tatt, og det er ein privatperson og eit firma som er fornærma, seier han.

Han kan opplyse at politiet held det som svært sannsynleg at vedkomande har kome til fots, og ikkje har hatt bil.

–Alle tips vert mottatt med stor takk, seier han, og oppmodar folk til å passe på at bilar og hus er låst.

Artikkeltags