Datt ned skrent og vart liggande i fleire timar

Politiet rykka tysdag føremiddag ut etter at dei fekk inn melding om ein mann som hadde falt ned ein skrent.

DEL

– Han var bevisstlaus og kraftig nedkjølt. Han hadde truleg ligge ute i mange timar, fortel Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

Det var på Eide at mannen i 60-åra vart funnen.

– Det var eit reint helseoppdrag, og det er ikkje mistanke om at noko straffbart har skjedd, slår Henriksen fast.

Mannen som vart tilfeldig oppdaga av ein som var på staden, vart henta av ambulanse.

Artikkeltags