Gå til sidens hovedinnhold

To mistar førarkort etter fyllekjøring

Artikkelen er over 5 år gammel

Den rusa føraren hadde ikkje førarkort. I passasjersetet sat bileigaren, og dermed mistar og han førarkortet.

Det var ved 23.30-tida fredag at Hardanger lensmanndistrikt fekk tips om ei mogleg ruskjøring.  På bakgrunn av dette rykka dei ut og stoppa ein bil i Odda.

- Føraren var påverka av alkohol.  Det var og bileigaren, som sat på, opplyser Svein Buer.

Føraren, som er midt i 20-åra, hadde ikkje førarkort.  Dette gjere at også bileigaren, som var passasjer, og mistar førarkortet.

Kommentarer til denne saken