Har tatt 171 testar - Slik jobbar kommunen med gjenopning

Det er gjennomført 171 koronatestar i kommunen.

Det er gjennomført 171 koronatestar i kommunen. Foto:

Det er framleis ikkje påvist koronasmitte i Ullensvang kommune. No jobbar kommunen med å opne samfunnet att.

DEL

- I smittevernarbeidet har vi registrert ei endring frå å strengt overhalde dei tiltaka som var gjeldande til å vera ein rådgjevar i arbeidet med å gjenopna samfunnet. Den siste veka har det vore stort fokus på gjenopning av skule og campingplasser, skriv Ullensvang kommune i ei pressemelding tysdag.

Dei fleste skulane i kommunen opna tysdag denne veka, og resten vil opne i løpet av veka. I samband med dette avviklar kommunen kontakttelefonen for barn og unge.

Innan helse og omsorg går arbeidet med å nærme seg normal drift vidare.

- Legekontora og Ergo- og fysioterapitensta har meir aktivitet og Bokko Kafe opnar neste veke. Vi ventar på informasjon frå Helsedirektoratet om meir opning av institusjonane våre, skriv kommunen.

Sjølv om talet på permitterte går ned, melder NAV om at det er mange som søker på dagpengar og støtteordningar.

Frå nasjonalt hald er det opna opp for å opna basseng for skulesymjing frå 1. juni og for offentleg bruk frå 15. juni.

- Ved stenginga av bassenga i mars vart det satt i gong eit vedlikehaldsarbeid ved Odda folkebad. Odda folkebad vil halde stengt så lenge vedlikehaldsarbeidet pågår, står det.

Dei andre kommunale bassenga vil vera stengt til normal oppstart i haust.

Om rådhuset skriv kommunen at administrasjonen vil starte planlegginga for å opne rådhuset og kommunehusa.

- Det er viktig at opninga av dei ikkje går på kostnad av smittevernråda. Vi vil kome tilbake med ein framdriftsplan for opninga, skriv kommunen.

Artikkeltags