Meldinga sa at det var eit utanlandsk køyretøy som hadde treft fjellveggen inne i tunnelen. Føraren måtte blåsa for promille, som var 0,0.

Det er oppretta sak etter vegtrafikkloven § 3, opplyser Malin Henningsen ved Hardanger politistasjon.

Vegtrafikkloven § 3 seier at alle skal ferdast omsynsfullt, vere aktsam og varsam slik at ein ikkje skapar fare i trafikken.

Elles hadde politiet ein mindre utrykking til det som skulle vere ein brann i Røldal ved Liamyrane. Dette viste seg å vere eit bål.

Torsdag ettermiddag og kveld gjennomførte politiet først fartskontroll på Ringøy på rv. 13, deretter promillekontroll på Eide og på Tokheim i Odda.

I laserkontrollen på Ringøy i 50-sona vart det skrive ut åtte forenkla førelegg, og høgaste fart var 68 km/t.

49 førarar vart kontrollerte for alkoholpåverknad i Odda, og ingen hadde utslag på alkometeret.