Gå til sidens hovedinnhold

Har opna vegen igjen

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter torsdag kveld at Fv. 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen ville bli stengt grunna fare for ras.

Vegen blei stengt ved Austrepollen i retning mot Odda, og stenginga skjedde klokka 20 torsdag kveld, skriv Kvinnheringen.

Fredag morgon blei det gjort ei ny vurdering av strekningen, og Vegtrafikksentralen melde like før klokka 09 at vegen no var open igjen.

Les også

Setter inn ekstra ressurser i Jondal

Les også

Fri ferdsle

Kommentarer til denne saken