Onsdag vart vinnarane kåra, og Eidfjord vassverk nådde diverre ikkje heilt opp. Vassverka som no kan titulera seg som Vestlandets beste drikkevatn og går vidare til finalen i «Norges beste drikkevatn» er Stord vassverk og Vossevangen vassverk, høvesvis i klassane overflatekjelder og grunnvasskjelder, melder Norsk Vann på heimesidene sine.