Har fått svar på ni nye koronatestar

Kommunen og ordførar Roald Aga Haug vil minna om den lokale forskrifta med innskjerpa reglar om camping, bubil, båt og hytteturisme.

Kommunen og ordførar Roald Aga Haug vil minna om den lokale forskrifta med innskjerpa reglar om camping, bubil, båt og hytteturisme. Foto:

Alle dei ni nye testane som kommunen har fått svar på er negative. Dermed er det framleis ikkje påvist smitte blant innbyggarane i Ullensvang så langt.

DEL

Det opplyser Ullensvang kommune i ei pressemelding tysdag.

- Nasjonalt er det ekstra fokus på vold og truslar. Vi arbeider aktivt opp mot dette i tråd med dei forhold som er no for tida. Dersom ein er uroleg for noko, tek kommunen ved barnevernet tak i det. Det er fokus på dette systemretta i Ullensvang kommune, hjå barnevernet. Kommunen følger det opp etter beste evne i høve tilhøva. Samarbeidet mellom kommune og politi er godt på dette området, opplyser ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Skianlegga har fått dei retningsliner som gjeld vidaresendt frå fylkesmannen. Åpne skianlegg er rekna å innebera smittefare. Skianlegga i Ullensvang kommune er stengt per i dag.

- Påsken er ei tid der vi vurderer at det er auka smittefare. Innbyggarane bør nytta fine påskedagar til å vera ute i friluft. Her gjeld smittevernråda om å halda god avstand til andre ein ikkje bur saman med. Samtidig er det viktig å følga nasjonale smittevernråd. Tilrådinga er å unngå reising ut av, eller inn til kommunen. Samt redusert fysisk kontakt med andre, går det fram av pressemeldinga.

Kommunen vil minna om den lokale forskrifta med innskjerpa reglar om camping, bubil, båt og hytteturisme. Vi vil minna om at restriksjonane i Ullensvang kommune er strengare enn dei nasjonale.

Ullensvang kommune vil takka innbyggarane for god innsats.

- Folk er generelt sett flinke til å forhalda seg til smittevernråda, melder ordføraren.

Artikkeltags