Er du ein av dei 160.000 i Vestland som nyleg har fått ein tekstmelding frå Folkehelseinstituttet (FHI) om å delta i Folkehelseundersøkinga for 2022?

Undersøkinga vil gje ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane i Vestland har det etter to år med pandemi, og varar til og med 8. mai. Det skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Kva ønsker du i kommunen?

– Det er svært viktig at folk bruker 20 minutt til å svare på denne undersøkinga.

Det seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune til Firda.

– Svara er viktige for oss, for dei vil påverke tenestetilbodet til innbyggarane våre. Difor er det viktig at så mange som mogleg svarar, seier ho.

Dersom mange nok svarar, vil undersøkinga kunne fungere som eit solid grunnlag som kommunen kan bruke i planlegginga av kommunen si framtidsutvikling.

Akkurat no held dei på med kommuneplanen for Sunnfjord, der ein skal sjå på framtidas skule, barnehage, helse- og velferdstilbod og ikkje minst mobilitet. Her vil kommunen kunne bruke svara du oppgir i undersøkinga som ein peikepinn på kva du ønsker av tilbod i kommunen.

– Når vi skal legge til rette for innbyggarane sine behov, er vi avhengige av å vite kva innbyggarane faktisk ønsker seg, strekar Følling under.

Det same vil dessutan Vestland fylkeskommune kunne bruke denne undersøkinga til.

– Viktig etter to år med pandemi

Spørsmåla i undersøkinga handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa.

– Målet med undersøkinga er å få ny lokal kunnskap om korleis innbyggjarane i Vestland har det, slik at kommunane og fylket kan jobbe for å betre livskvalitet, trivsel og helse blant befolkninga. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal i pressemeldinga.

Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som har betydning for folkehelsa. Dette er tema som det blir spurd om:

  • Nærmiljøet, kommunehelse og helserelaterte levevanar.
  • Sosial støtte og livskvalitetsskadar.
  • Fysiske miljøtransportvanar.
  • Demografiske opplysningar.

Vil nå ut til unge menn

Sist det vart gjennomført folkehelseundersøking var i 2018 (Hordaland) og 2019 (Sogn og Fjordane).

– Det blir interessant å samanlikne denne undersøkinga med dei to førre. Vi er opptekne av korleis folk synest det er å bu i Vestland, tilhøyrsle til nærmiljøet, nærleik til tur og rekreasjonsområde, livskvalitet psykisk og fysisk helse, seier Haugsdal.

Særleg er det viktig å få svar frå unge menn.

– Ut frå tidlegare undersøkingane har vi erfart at det er vanskelegare å nå ut til unge menn under 30 år. Dette er ein del av befolkninga som vi veit mindre om korleis har det samanlikna med andre deler av befolkninga. Det er viktig for oss å få kunnskap om dei slik at vi kan ta vare på og legge til rette godt for heile befolkninga, seier fylkesdirektøren.

Det er også ei lita gulrot her, for er du med i undersøkinga er du med i trekninga av tolv gåvekort på 2500 kroner og ti gåvekort på 1000 kroner.