Gå til sidens hovedinnhold

Har du eller barnet ditt nyoppståtte luftvegssymptom bør du halda deg heime

Kommuneoverlege Daniela Brühl kjem med råd ved forkjøling.

Råda er lagt ut på nettsida til Ullensvang kommune, og send ut til foreldre via meldingssystema til skular og barnehagar.

– Symptom på luftvegsinfeksjon kan byrja med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske influensaliknande symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand, skriv kommuneoverlegen.

Ho minner om at vaksinerte kan få berre milde symptom på forkjøling ved koronainfeksjon.

Alle desse symptoma kan og vera teikn på koronainfeksjon. Ta gjerne ein test, anten heimetest eller hjå kommunen. Ungdommar og vaksne bør ta ein test før dei går tilbake på skule og arbeidsplass. Er prøvesvaret negativt, bør du halda deg heime til du føler deg bra og har vore feberfri i minst 24 timar. Dei fleste vil då vera heime eit par dagar. Er testen positiv, må du isolera deg og det vert tilrådd å ta ein PCR-test, er beskjeden.

Kommentarer til denne saken