Det kjem fram i ei pressemelding frå Kjetil Widding, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger.

Det kom til saman inn 135 søknader denne runden, med ein samla søknadssum på 31.5 millionar kroner. 73 av søkjarane vart løyvd pengar.

Dette er det største gåvene som vart delt ut i denne runden:

Kr 1.000.000,– til ny kinosal i samband med ny vidaregåande skule i Norheimsund (Førehandsløyvd)

Kr 600.000,– til Stiftinga Litteraturbåten Epos for kjøp av M/S Epos

Kr 500.000,– til Røldal Røde Kors Hjelpekorps for kjøp av eigedom

Kr 500.000,– til ny panoramafilm ved Norsk Natursenter i Eidfjord

Kr 500.000,– til hytte ved Hamlagrø, Øystese Røde Kors

Kr 500.000,– til Idrettshus på Voss, Voss idrottslag og FBK Voss

Kr 400.000,– til snøproduksjonsanlegg på Voss, Voss Ski og Tursenter

Kr 400.000,– til Nasjonalt Frukt- og Sidersenter, Nibio Ullensvang

Kr 350.000,– til kjøp av redningsbåt, Ulvik Røde Kors Hjelpekorps

– Sjølv om Sparebankstiftinga Hardanger ikkje har midlar til alle gode prosjekt på ein gong, treng ikkje dei som fekk avslag no mista motet, sidan det allereie våren 2023 er ny tildelingsrunde med søknadsfrist 31. mars, skriv Widding i pressemeldinga.

Totalt har Sparebankstiftinga Hardanger delt ut 25 millionar kroner i 2022.