Dina-Helen Terjesen Selvær (song) og Tor Olav Svartveit (gitar) stod for kulturinnslaget då mållaget samla rundt 20 personar på ærverdige Utne Hotel den 1. mars.

I tillegg premierte ein vinnarane av den årlege skrivekonkurransen for tiandeklassingar, Håkon Hauso frå Hauso skule og Sigbjørn Guddal frå Kinsarvik skule. Premien er på 2.000 kroner, ordlista til Arvid Langeland og eit personleg diplom. Håkon kunne diverre ikkje møta, men fekk premien levert heim.

Inger Marie Himle overrekte til Sigbjørn, og ho fortalde litt om begge stilane og kva juryen (styret i mållaget) hadde lagt vekt på.

Stadnamnkonsulent Botolv Helleland var invitert for å ta imot årets målpris Det har alltid vore lagt vekt på at namnet på vinnaren ikkje skal offentleggjerast før på årsmøtet. Det vart difor annonsert med at han skulle halda eit kåseri om stadnamn rundt fjorden. Det gjorde han og. Men etter kåseriet, fekk han overrekt målprisen, eit oljemåleri som var meisterleg laga av Mustafa al Bayati.

Styreleiaren las opp den innhaldsrike grunngjevinga.

Tidlegare leiar i mållaget, og stadnamnansvarleg ved Kartverket, Erlend Trones, overrekte sjølve kunstverket. Botolv er den 27. som får målprisen av Ullensvang Mållag.

Leiaren la fram styret si årsmelding for arbeidsperioden 24.2.2022 – 1.3.2023, og gjekk gjennom ein del hovudpunkt, før godkjenning.

Boksal og bokgåver

Boka til Lars O. Bleie selde veldig godt gjennom hele året, og forfattaren var sjølv svært aktiv med på det, både i Eidfjord, Odda og gamle Ullensvang. Mållaget har no berre att rundt 40 av bøkene hans.

I desember fekk butikken «Spar Ola K. Naa» tildelt «Målblom» for nynorskpreg på ny innreiing i butikken.

Ullensvang mållag tilbyr elles skrivehjelp til dei som ynskjer/treng det. Denne tenesta har diverre vore lite marknadsført. Ho er til og med gratis. Også i fjor delte mållaget ut den vakre barneboka «Peikefingen» av Dagfinn Instanes til fyrsteklassingane i gamle Ullensvang herad.

Inger Marie Himle la fram rekneskapen, som viste eit driftsresultat på vel 46.000 kroner. I tillegg kom det inn ein del rentekroner. Sal av adventskalender, gav og ein del gode kroner i kassa.

Nytt bokprosjekt

Årsmøtet vedtok også arbeidsplan for 2023. Her er det mellom anna lagt vekt på å få betre kontakt med medlemmene, medlemsverving, samarbeid og, etter framlegg frå Erlend Trones, vart det vedteke at laget skal arbeida vidare med å gje ut bok om tidlegare og mangeårige leiar, og æresmedlem i Noregs Mållag, Torolv Hesthamar».

Ullensvang Mållag var gjennom fjoråret, representert på ei rekkje møte og aktivitetar. Mellom dei var eit viktig møte om Oddamodellen, med deltaking både nasjonalt og regionalt.

Kulturkveld med Oddgeir Bruaset, i Grannatun på Sekse, vart eit vellukka samarbeid mellom mållaget og eldrelaget i krinsen. Bruaset likte seg elles veldig godt, og har sagt at han kjem gjerne att.

Me var også med på Odda mållag sin årlege kulturkveld, der dei presenterte og selde årets utgåve av suksessen «Odda i manns minne». Me helsa elles Kristen D. Eitrheim som fekk målprisen der.

Styret 2023

Ullensvang Mållag var elles invitert med til samarbeid med Kinsarvik bibliotek om eit skrivekurs. Det vart utsett.

Det nye styret ser slik ut: Johannes H. Sekse, leiar, Amund Velure, nestleiar, Øystein Jåstad skrivar, Inger Marie Himle kasserar og Helga Helleland styremedlem. Anne Haustveit er fyrste vara, medan Otto Vikane og Kåre Grønsnes er andre og tredje.

Ved årsskiftet hadde laget 148 medlemmer.