– Etter månadar og år med koronahensyn, som har hindra aoko frå å møtast, so er me mange som saknar å møta gode vener og trivelege naboar. Alle i Eidfjord vert oppmoda om å verta med på ein utedag ved Eidfjordvatnet laurdag 12. februar, skriv dei som arrangerer.

Dei har eit ynskje om å få samla ein stor flokk til korona-trygg utekos.

– Initiativet er avgrensa til å annonsera tid og stad. Alle må sjølve ta med seg det ein treng og alt ein ynskjer å eta og drikka, og alle må ta med seg heim att alt av bos og utstyr, står det å lesa på nettsida til Eidfjord kommune.

Arrangørane har snakka med grunneigarane og fått lov til å låna stranda ved Eidfjordvatnet.

– Vêret, det styrer ingen. Men me håpar på opphaldsvêr og at det vert råd å tenna bål som me kan samlast rundt. Trygg bålbrenning og trygg avstand.

Arrangøren, turlaget «Kvisten» og ein «ute-glad» gjeng, håpar veldig mange vil vera med.