Klare for ny handverksmarknad

Blide arrangørar: Sølvi Irene Måge (t.v.) og Liv Eggestøl står bak marknaden i ungdomshallen. – Vi får god hjelp frå våre ektemenn, seier damene.

Blide arrangørar: Sølvi Irene Måge (t.v.) og Liv Eggestøl står bak marknaden i ungdomshallen. – Vi får god hjelp frå våre ektemenn, seier damene.

Artikkelen er over 2 år gammel

For tredje år på rad vert det arrangert handverksmarknad i ungdomshallen under Litteratursymposiet.

DEL

Laurdag 14. oktober vert det handverksmarknad i Odda Ungdomshall.

– Det er ikkje tilfeldig at vi igjen legg marknaden til Litteratursymposiet. Denne helga er det alltid mykje folk i Odda, noko både kundar og utstillar set pris på, seier Liv Eggestøl og Sølvi Irene Måge, som arrangerer årets marknad med god hjelp frå sine ektemenn.

Dei opplyser at det er 42 påmelde utstillarar frå fjern og nær, der 32 har fått plass inne i hallen, resten på plassen utanfor.

– Det har auka på med utstillarar desse åra. Vi er takknemlege for at Odda kommune har gitt oss løyve til å ta delar av utearealet kring ungdomshallen i bruk, fortel dei to blide damene og legg til at det vert mange nye produkt å få kjøpt i år – mellom anna øl frå Hardanger handbryggeri.

– Undredal Stølsysteri, kjent for sin gode geitost, vil også vera på plass. I tillegg kan folk kjøpe kvalitetskjøt frå Garden på Dalland, Tysnes, seier arrangørane.

Det vert med andre ord ein laurdag med kortreist mat og husflid i fokus.

– Mat er alltid veldig populært på marknaden. Vi må heller ikkje gløyma husflidsprodukta, folk har allereie byrja tenka på julegåver, uttalar Måge.

I ungdomshallen vert det også kafé med sal av kaker, kaffi og heimelaga lapskaus.

– Kvar hentar de motivasjonen frå?

– Det er alltid kjekt når folk oppsøker oss og spør om vi skal arrangera marknad i år. Den har vorte veldig populær, nokre av utstillarane utanfor distriktet kan ta kontakt tidleg på nyåret for å melda si interesse, svarar Eggestøl og Måge, som håpar på fint vêr og masse folk førstkommande laurdag.

Artikkeltags