Folgefonnvotten

Haustmarknad: 4. november skal Folgefonn husflidslag arrangera haustmarknad. Her skal vinnaren av den beste Folgefonnvotten kårast. Arkivfoto: Eivind Dahle Sjåstad

Haustmarknad: 4. november skal Folgefonn husflidslag arrangera haustmarknad. Her skal vinnaren av den beste Folgefonnvotten kårast. Arkivfoto: Eivind Dahle Sjåstad

Artikkelen er over 2 år gammel

Folgefonn husflidslag ynskjer at området skal få sin eigen vott, og inviterer strikkeglade til designkonkurranse om vott og mønster til Folgefonnvotten.

DEL

Vinnaren skal offentleggjerast på Folgefonn husflidslag sin haustmarknad 4. november 2017 på Utne hotel. Dei innsende bidraga skal stillast ut i vindauga i laget sine lokale på Utne på førehand. Utstillinga er for å marknadsføra både Haustmarknaden og vottekonkurransen.

Folgefonnvottkomiteen består av Brita Hauso, Solfrid Nordland, Anita Soltvedt, Magna Hauso og Mette Bleken. Dei ynskjer at vottane skal vera mønsterstrikka og at mønsteret skal ha eitt eller fleire element som vitnar om identitet og særpreg i området. Alle som bur eller har tilknyting til Folgefonnområdet kan delta.

Folgefonn husflidslag får fulle rettar til mønster/oppskrift, og rett til å endra og justera. I oppskrifta vil det stå Folgefonn husflidslag og namn på designar.

Husflidslaget vil selja strikkepakkar med garn og mønster til den utvalde Folgefonnvotten. Inntektene skal gå til Folgefonn husflidslag.

Upremierte vottepar vert sende i retur, men er sjølvsagt til fri bruk for designar.

Det vert ikkje ein folkeavstemming av vottane, men husflidslaget lovar at juryen som er valde ut, er suverene.

Vinnaren vert premiert med gåvekort på kr 1500 hjå Husfliden i Odda.

Konkurransereglar:

Beskriv motivval og symbolikk.

Motivet må vera forma slik at det kan nyttast på ulike produkt; minst på dame-, barne- og herrevott.

Mønsteret må ikkje vera vanskeleg å strikka. Hobbystrikkarar utan spesielle forkunnskapar må kunne strikka dei.

Kvar deltakar kan delta med maksimalt tre par.

Vottane bør vera strikka i norsk ull.

Pinne nr. 2,5-3,5, det som passar deg som strikkar best.

Mønsteret kan leverast elektronisk eller på ruteark og med handskriven oppskrift.

Innlevering: Til vottekomiteen sine medlemmar eller post: Folgefonn husflidslag, ved Anita Soltvedt, 5778 Utne. Mailadresse for elektronisk mønster og oppskrift: anitasol65@gmail.com

Frist for innlevering av vottepar og mønster: 15. september 2017.

Reglane finn du også på husflid.no, gå til Lokallag/Hordaland/Folgefonn husflidslag.

Artikkeltags