Hallen vert opna for all bruk frå og med måndag 14. september.

Styrkerommet er opna for trening, der gjeld det eigne smittevernrutinar for rommet, og kommunen opplyserer om at brukarar pliktar å setja seg inn i desse før bruk.

Kommunen melder òg om at alle treningskort til styrkerommet er forlenga med seks månadar.

Elles gjeld desse reglane:

Garderobar skal ikkje nyttast av andre enn skulen.

Alle brukarar har eige ansvar for reinhald, kontaktflater og utstyr skal vaskast etter bruk.

Kontaktflater er til dømes treningsutstyr, dørhandtak, lysbrytarar og musikkanlegg.

Eidfjord kommune har dagleg reinhald på vekedagar, brukarar skal likevel tørka over kontaktflater etter seg og ved behov vaske over golv.

Alle som har ansvar for treningar pliktar å setja seg inn i FHI sine reglar for idrett

Det er arrangøren som har ansvar for smittevern, ikkje huseigar.

Eidfjordhallen kan verta stengt på kort varsel ved smitteutbrot eller ved misleghald av smittevernrutinar, åtvarar kommunen.