Gurine kjem tilbake til Sørfjorden. Vil du ta ein kikk om bord og høyra historia?

Gurine var ei flott Hardanger-jakt i utgangspunktet. Etter ombyggingar til anna fart, og sidan eit liv i forfall, er ho no restaurert. I dag er Gurine ein stolt galeas klar for nye eventyr. Takk vera enorm dugnadsinnsats gjennom ti år. Laurdag 4. juli kjem ho tilbake til Sørfjorden og «helsar på» .