Gunnhild har fått 8,8 millionar til eit nytt forskingsprosjekt. Det kan fleire lokale bransjar dra nytte av

Kan små insektlarver føre til meir og betre frukt, og samtidig gjere oppdrett av laks meir miljøvennleg? Det skal Gunnhild Jaastad ved NIBIO Ullensvang og eit team på til saman sju forskarar i heile landet finne ut av dei komande åra.