Arbeidet med å restaurera kulturminnet nedanfor butikken i Grimo, er mogleg takk vera økonomiske bidrag frå mellom andre Sparebankstiftinga Hardanger, Kulturminnefondet, UNI forsikring og Vestenfjeldske landskreditt. Også fylket og heradet har bidrege for å få prosjektet i hamn.

Restaureringsprosjektet er kostnadsrekna til vel ein million. I tillegg kjem noko arbeid på land.

Olav K. Hauso, leiar i Grendalaget 5777 som er skipa i kjølvatnet av restaureringsprosjektet, reknar med ferdigstilling av kaianlegget innan oktober.

– Om folk er flinke til å stilla på dugnad når den tid kjem, kan stupetårnet som no står på land, truleg koma på plass att i sørenden medan det enno er sommar og badetemperatur, seier han.

Grimo handelslag eig kaia, eit synleg minne frå den gang fjorden var vegen og dampskip la inntil for å lossa og lasta.

I dag er det litt trafikk i samband med butikkdrifta, og eitt og anna privat oppdrag. Vona er at det igjen kan verta maritim aktivitet ved brygga.

– Men hovudføremålet er å skapa aktivitet, strekar Øystein Pugerud og Hauso under.

Trivselstiltak

Dei ser prosjektet fyrst og fremst som eit trivselstiltak for folk i bygda. Her skal verta samlingsplass for bygdefolk, både gamle og unge.

Kaiområdet er i bruk til arrangement, både på dag- og kveldstid. Dette kan det no verta meir av – og med sikrare omgjevnadar enn ein roten kai.

– Når bjelkane er på plass, er det klart for dugnad for å få på dekket, seier grendalags- og dugnadsleiar Hauso.

Han fortel at materiala er av beste sort; malmfure, slik det bør vera for ein stor og solid kai.

Både han og Pugerud er glade dei har fått lokale handverkarar til å stå for arbeidet for å sikra at kaien igjen kjem i forsvarleg stand for bruk og ferdsel.

Olav H. Hauso har teke pelinga, medan Atle Velure syter for at treverket kjem på rett plass.

Auka båttrafikk kan betra næringsgrunnlaget i bygda og på denne fjordsida, sa Øystein Pugerud då han orienterte Kulturminnefondet og Riksantikvaren på synfaring sommaren 2014.

Leiar i fondet, Helen Bjørnøy, meinte slike prosjekt handlar om identitet, og at ringverknadar som eldsjeler bidreg til, er viktige for å skapa gode miljø.

– Kvar krone frå Kulturminnefondet genererer tre kroner lokalt, er mantraet frå Kulturminnefondet sin direktør Simen Bjørgen som er svært medviten både dugnadar og fellesprosjekt for kulturminna.