Runddansmusikk står i høgsetet denne kvelden når to erfarne musikarar slår seg saman. Båe er vane med både solospel og samspel.

Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå Sel i Gudbrandsdalen. Han trakterer fleire instrument, men er mest kjent som spelemann på trekkspel og durspel. Thorud har vore spelemann i over 20 år og har spelt mykje til dans både på festivalar, treff og andre lag. I tillegg til å vera ein driven dansespelmann har Thorud eit stort repertoar innan folkemusikk som er egna til konsert. Han har i tillegg til å setja opp fleire eigne konsertprosjekt vore med andre musikarar på tallause konsertar og førestillingar gjennom åra. Geir Marius Thorud trakterer, forutan den heimlege musikken frå Gudbrandsdalen, musikk frå både Vestlandet, Trøndelag, Nordøsterdalen- og Røros, Jämtland og Härjedalen, Dalarna og omland, Finnskogen, og dessutan finare flatbygdsmusikk frå Austlandet. Det skriv museet i ei pressemelding.

Alexander Aga Røynstrand frå Granvin og har spelt hardingfele i 25 år og spelar i hovudsak tradisjonsmusikk frå Hardanger. Han har gjennom mange år spela til dans, underheldt i ulike lag og spelt ei rekkje konsertar, både solo og saman med andre musikarar. Han også aktiv som kappleiksdeltakar og vann hardingfele klasse A under landskappleiken i 2019. Han kunne då smykke seg med tittelen meisterspelemann, berre 30 år gamal. Alexander er mykje nytta som læremeister og inspirator på kurs for born og unge, og har og vore lærar på hardingfele i Hardanger, og leiar i Hardanger spelemannslag.

I tillegg til kappleikssigrar og kongepokal har Alexander motteke Øivind Berghs minnepris og han medverkar på plata «Granvin» saman med Knut Hamre og Åse Teigland.

Saman vonar Geir Marius og Alexander å visa dei ulike kvalitetane og syna historia til runddansmusikken både på scena, i festlege lag og til dans.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.