Noen bedre?

Sosial Strikking

Mellom anna står det å lesa på Eidfjord kommune si heimeside:

- På Lægreid skule er me opptatt av det sosiale samhaldet, difor er me med for å strikke bygda saman. Personalet og elevar strikkar i alle ledige stunder, og me oppfordrar andre einingar i kommunen til å gjera det same.

Bakgrunnen for dette, er eit prosjekt som skal stå ferdig til helga 28. og 29. april. Då vert det arrangert by- og tettstadkonferanse for heile Hordaland - i Eidfjord.

Når dei kjem til kommunen, vil deltakarane verta møtte med eit kunstverk kalla Graknitti. Kort fortalt skal i alt 21 tre, 19 langs riksveg 7 og to inne i sentrum - kleast opp i fargerike strikkeplagg.

Samfunnsutviklar Lisbeth Bygstad og strikkekunstnar Inger Lena Gåsemyr har sett i gang prosjektet, og oppmoda heile bygda til å vera med og strikka.

No ser det ut for at smitten har breidd seg som ein farang.