Lokal kunstnar på NRK

Arne Bakke Mælen. Arkivbilde.

Arne Bakke Mælen. Arkivbilde. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Hardanger Kulturgalleri og Arne Bakke Mælen frå Herand er og sjå på TV sundag kveld, 11. desember.

DEL

Det er den norske dokumenterserien, «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som har laga innslag med kunstnaren frå Hardanger. I programinformasjonen på NRK sin nettstad står det dette om han:

"Arne Bakke Mælen hadde odel på det avsidesliggjande småbruket Mælen i Jondal i Hardanger. Men bøane var bratte, og då han tok over, var husa til nedfalls. I staden for å drive jorda gjorde han tunet om til kunst- og kultursenter, med galleri, festlokale og verkstad. Sjølv er han kunsthandverkar som arbeider med tre, og som skjer imponerande bilete og dreiar makelause bollar".

Du kan lesa utfyllande omtale om «Fra odelsgutt til kunsthåndverker her».

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu sendes klokka ni sundag kveld på NRK sin hovudkanal, NRK 1.

Du kan og sjå programmet på NRK nett-TV.

Du kan lesa meir om Arne Bakke Mælen her.

Artikkeltags