Iskunst på Morellfestivalen

FANTASTISKE FARGAR. Reidar Karlsen finn det me andre ikkje ser.

FANTASTISKE FARGAR. Reidar Karlsen finn det me andre ikkje ser.

Artikkelen er over 10 år gammel

I løpet av vinteren har Reidar Karlsen, Kinsarvik fotografert is og lys. Nokon av perlene vert å sjå på Morellfestivalen.

DEL

- Kunsten er kanskje å sjå det...... seier Reidar karlsen. kokken på Bråvoltunet med sans for det fotografiske.

Dei siste åra har han utvikla seg som reine kunstnaren med kameraet sitt. Så om ikkje andre, så har i alle fall han lært seg kunsten å sjå det vakre i is og lys, som er temaet han denne gongen.

Fargeprakt

Fargeprakt og kontrastar har han fått fram med hjelp av sterkt motlys med diverse lyskjelder, fortel han.

I løpet av vinteren har han teke rundt tusen bilete - og sletta ni hundre.

15-20 av dei har han funne gode nok til å vera med på utstilling på Morellfestivalen.

Bileta er kopierte i ulike storleikar og innramma i passepartout.

Godbitar på auksjon

Trond Instebø i Morellfestivalen oppplyser elles at dei har fått inn ein del godbtar til auksjonen. Mellom dei er ein kongestol av Lars Kinsarvik og måleri av Kari Vivelid.

Onsdag kveld var det elles full aktivitet med å riga til på utstillings- og festivalområdet. Både teltet og bodene var komne på plass. Torsdag kveld vert det tjuvstart med Jan Eggum og Kaia Huuse.

Artikkeltags