Gaffeljubileum i Norge Rundt

GAFFEL Ramona nummer 30 000 000 frå Hardanger Bestikk.
Foto: NRK

GAFFEL Ramona nummer 30 000 000 frå Hardanger Bestikk. Foto: NRK

Artikkelen er over 7 år gammel

Ein gaffel frå Kinsarvik vert den raude tråden i Norge Rundt-sendinga i NRK1 fredag kveld. Men ikkje ein kva som helst gaffel.

DEL

- Alle har eit forhold til bestikk. Det er det me får i oss maten med. Og mange er interesserte i å få vita korleis ein gaffel, kniv eller ei skei vert til, seier programleiar Eva Laukøy i Norge Rundt.

Ho fortel at NRK-teamet var til stades då Hardanger Bestikk produserte Ramona-gaffel nummer 30 millionar. Dette vert difor den raude tråden i programmet.

Det starta med at dei fekk ein e-post frå ein som hadde vore på omvisning i verksemda i Kinsarvik.

Hyllest til gaffelen

- Han meinte me burde ta turen dit. Tipset vart liggjande mellom mange andre innkomne forslag ei stund. Så vart det henta fram og alle tykte det var ein god idé. Etter at me tok turen til Kinsarvik, vart me endå meir overtydde om det, seier Laukøy.

Ikkje minst sidan dei nett då skulle produsera gaffel nummer tretti millionar i mønsteret Ramona. Programmet fylgjer denne gaffelen heilt frå han vert stansa ut av ei stålplate, til dei tilsette hyller han med kake og fyrverkeri.

Flotte menneske

- I tillegg til sjølve produksjonsgangen, vil me også få innblikk i andre avdelingar, mellom anna det vesle museet som viser historia frå den fyrste produksjonen av sylvplett fram til i dag.

- Me kjem også inn på at alle dei ulike mønstera har damenamn, og til dels kvifor. Og sist men ikkje minst, vert det eit bra innslag fordi me møtte så mange flotte menneske. Mellom anna nestor Odd Leikvoll, som starta opp det heile, seier programleiaren.

Spesiell verksemd

- Det er ikkje ofte me lagar dei såkalla mellomstikka våre frå ei verksemd, men det gjer me denne gongen. Hardanger Bestikk er så spesiell at me gjer eit unnatak.

- Me er alltid opptekne av dette med tekstreklame. Men denne verksemda er så spesiell og ho har ikkje konkurrentar i Noreg, at me meiner me kan forsvara det. Hardanger Bestikk er faktisk dei einaste stålbestikkprodusentane i heile Nord Europa, avrundar Laukøy.

Då me snakka med henne på telefon torsdag ettermiddag, var dei i siste innspurt med redigeringa før programmet vart sendt over til Oslo der det skal sendast frå.

Artikkeltags