Gå til sidens hovedinnhold

Fekk gåve av RBK

Artikkelen er over 13 år gammel

Ikkje alle er så heldig at dei får personlege helsingar og flott gåve frå favorittfotballklubben når dei fyller år. Det fekk Thorleif Hansen.

Då Thorleif Hansen feira 50 år for ein knapp månad sidan, fekk han mange flotte presangar, men størst av alt var nok den signerte gåva frå Rosenborg fotballklubb.

Rosenborg best

Sjølv om Thorleif Hansen syns det er stor stas at Brann vann seriegullet i år, er det Rosenborg som er klubben med stor K. Thorleif er ein heilstøypt Rosenborgfan og har vore det i mange år.

Derfor var det ekstra stas å få ei signert gåve frå Rosenborg i 50-årsgåve då han feira det store jubileet for ein knapp månad sidan.

Då vi møter Hansen i stua hans på Eidesbrotet bufellesskap får han omsorgsarbeidaren Marit Måkestad til å finna fram bursdagspresangen han fekk tilsendt frå Trondheim. Gåva var den signerte 90-års jubileumsboka til fotballaget Rosenborg.

Thorleif Hansen har i fleire år trent og vore med OFK, og skal ha ein fantastisk skyttarfot med stor kraft. Fleire spekulerer i at det er etter trening med Hansen, sjølvaste landslagskeeper Håkon Opdal er blitt så god.

Les meir i papirutgåva.