Minneord
Eit langt liv har slokna, eit liv med dagar fulle av aktivitetar og meiningsfylt arbeid. Etter å ha kjempa med kreft i fleire år, måtte den optimistiske og livsglade Gjertrud gje tapt.
Me voks opp på grannegardar på Indre Jåstad, to syskjenflokkar som kunne gå inn og ut av dørene hjå kvarandre i 1940- og 50-åra då ingen trong bry seg om nøklar eller trafikk på vegane. Me var godt kjende i alle krikar og krokar i husa på begge gardane, og om somrane var det travelt både med leik og arbeid, hesjing, morellplukking kvar for seg og bading i sjøen og fjellturar saman.
Gjertrud mista far sin tidleg i ungdomen, og ho kjende nok på sorg over det tapet meir og meir etter som åra gjekk. Utdanningsløpet hennar var prega av tida ho voks opp i: først handelsskule og bankarbeid på Utne før ho fekk støtte til å våga seg på realskule og gymnas på Rogaland off. landsgymnas. 4–5 år eldre enn medelevane var ho der, men ingen kom på det, ho var aktivt med i både moro og alvor i gymnastida. Heilt til det siste refererte ho til åra på Bryne som ei vending i lagnaden sin, både fagleg, interessemessig og sosialt, og ho heldt kontakt med fleire frå kullet i alle år. Dei gjestfrie Gjertrud og Lars inviterte heile russestyret med partnarar til Bleie ei helg etter 50-årsjubileet for russen, og kontakten var der framleis.
Etter gymnaset tok ho lærarskule i Oslo, og bygde seinare på med tysk som fag, underviste så i Stavangerområdet før Lars kom frå Bleie og henta henne heim att til Hardanger. Her underviste ho i ungdomsskulen og for framandspråklege i Odda. Ho vart ein avhalden lærar, kjend for å vera både omsorgsfull og fagleg sterk.
På Indre Bleie kom dei etterlengta borna Hjørdis Ingeborg og Olav, som voks opp i ein heim med mange internasjonale kontaktar, både i form av arbeidarar på garden og vener. Når Gjertrud steikte brød, var det ikkje berre to former i omnen, men nok til alle som benka seg rundt bordet, og dei fekk også smaka hennar heimedyrka tomater, paprika og agurkar.
Dei fekk tola tunge dagar på garden. I 1994 øydela snøskreda heile heimehuset og løebygningen, både Gjertrud og Lars vart skada og måtte sjå mykje av innbuet i huset rasert. Det var ei stor påkjenning for heile familien og grannelaget, men dei overlevde og kunne ikkje skryte nok av all hjelpa dei fekk både frå helsepersonell, grannar og vener. I typisk Gjertrud-stil var det all hjelpa og omsorga ho snakka mest om i ettertid.
Gjertrud var estetikar, med sikker sans for det viktige og vakre, både i målarkunst, musikk og litteratur. Men ho brydde seg lite om å samle på ting. Det me vil hugse henne for er at ho samla på folk, ho gløymde ikkje gamle venner og var alltid innstilt på å dyrka nye kjennskap.
Me fem syskjen frå grannegarden på Jåstad tenkjer på Gjertrud med varme, og takkar for følgjet heile livsdagen lang.