Kontrollen fann stad i 60-sona på rv. 13 nedanfor Sekse barnehage mellom klokka 10:15 og 12:15.

Der vart det delt ut sju forenkla førelegg og høgaste fart var 93 km/t.

– Eigentleg mister ein i 86 km/t eller høgare i 60-sona, men dette var ein turist som var på veg ut av landet. Normalt får dei som mister lappen køyre heim, det fekk han og. Så av praktiske årsaker vart ikkje førarkortet tatt, seier etterforskingsleiar ved Hardanger politistasjon, Paul Henriksen.

Føraren fekk bota si og vedtok den.

Ulovleg fiske

Elles deltok det lokale politiet på yrkes- og utdanningsmessa onsdag, noko som var ein suksess ifølge Henriksen.

– Dei som var der koste seg. Dei sa det var triveleg å helse på ungdommen og fekk mange artige spørsmål, fortel han.

Seinare på dagen, klokka 15:40, fekk politiet melding om ulovleg fiske i Opo-elva i Odda.

– Me var opptatt i eit anna oppdrag, og fekk ikkje køyrt ut. Likevel er me svært glade for tips, og oppmodar publikum om å kome med tips om alt mogleg, seier etterforskingsleiaren.

Stansa trailer

To timar etterpå fekk politiet melding om ein semitrailer som var på veg nedover mot Odda frå Jøsendal, som lukta svidd.

– Me fekk snakka med han på ein busshaldeplass i Odda. Det viste seg at han hadde ny hengar, og at det truleg var difor det lukta. Det verka i alle fall som om alt var i orden, seier Henriksen og takkar igjen for tipset.

Rundt klokka 18 onsdag kveld var ein patrulje ute i Kinsarvik for å patruljere der ungdommen held seg.

– Me snakka med nokre ungdommar og det var veldig triveleg, avsluttar han.