– Tenk at blant alle nybygg i Norge er vi på topp 3! Tusen takk til alle som gav si stemma til oss, skriv Elisabeth W. Hauge på Facebook torsdag.
Buer restaurant var nominert som årets vakraste nybygg av Arkitekturopprøret. Onsdag var Gina og Brita Buer i Oslo under prisutdelinga, og tvillingane kunne dermed ta med tredjeplassen heim.
– Frå Arkitekturopprøret blir det framheva at små private aktørar tar eit større ansvar enn dei store utbyggjarane for å gjera det fint. For oss handlar det om å gi ei god kjensle, og om å ta eit samfunnsansvar. Vi kunne ikkje byggja kva som helst på Buer, sa Elisabeth til HF då nominasjonen vart kjend.
Det er Hauge og sambuaren Bjørn Buer som har bygd restauranten, men dei tre borna er tett involverte i drifta. Det passa dermed bra at dei 18 år gamle tvillingane tok turen til Oslo for å takka.