Går mot slutthandsaming av planen som legg til rette for skule på Aga

Onsdag godkjende Utval for samfunn, plan og næring detaljreguleringsplanen for Skotamyri, som legg til rette for bygging av ny skule på Aga. Seinare i månaden tar kommunestyret i Ullensvang endeleg avgjerd.